Woodstock av Joni Mitchell

Woodstock
Singel av Joni Mitchell
frå albumet Ladies of the Canyon
A-side

Big Yellow Taxi

Språk engelsk
Utgjeve April 1970
Innspelt 1970
Studio A&M Studios i Hollywood i California
Sjanger Folkrock[1]
Lengd 5:25
Selskap Reprise
Komponist Joni Mitchell
Tekstforfattar Joni Mitchell
Låtskrivar(ar) Joni Mitchell
Produsent Joni Mitchell
Joni Mitchell-kronologi 
«Chelsea Morning»
(1969)
Woodstock «Carey»
(1971)


Woodstock
Singel av Crosby, Stills, Nash & Young
frå albumet Déjà Vu
B-side

Helpless

Språk engelsk
Utgjeve Mars 1970
Innspelt Juli til desember 1969
Studio Wally Heider Studio C i San Francisco & Studio III i Los Angeles
Sjanger Hardrock, acid rock
Lengd 3:54
Selskap Atlantic
Komponist Joni Mitchell
Tekstforfattar Joni Mitchell
Låtskrivar(ar) Joni Mitchell
Produsent Crosby, Stills, Nash & Young
Crosby, Stills, Nash & Young-kronologi 
«Suite: Judy Blue Eyes»
(1969)
Woodstock «Teach Your Children»
(1970)


«Woodstock» er ein song om Woodstock Music and Art Festival i 1969.

Joni Mitchell skreiv songen ut frå det ho vart fortalt av den dåverande kjærasten hennar, Graham Nash. Ho hadde ikkje vore der sjølv, sidan manageren meinte det var meir nyttig for henne å spele på The Dick Cavett Show. Ho skreiv songen på eit hotellrom i New York City, og såg rapportar frå festivalen på fjernsyn. «Sidan eg ikkje fekk lov til å dra dit, gav deg meg ein intenst syn på Woodstock» fortalte ho i eit intervju kort tid etter.[2] Songen vart seinare gjeven ut på albumet hennar, Ladies of the Canyon i 1970.

We are stardust.
Billion year old carbon.
We are golden..
Caught in the devil's bargain
And we've got to get ourselves
back to the garden.

Joni Mitchell (1970)

Originalversjonen til Mitchell har eit nakent og uforgløymeleg arrangement med solovokal, korvokal og Wurlitzer elektrisk piano, spelt av Mitchell aleine.

Før Mitchell gav ut songen på album framførte ho songen i 1969 på Big Sur Folk Festival, ein månad etter Woodstock. Dette kan ein sjå i konsertfilmen Celebration at Big Sur (som kom i 1971).

Songen vart seinare ein hit for Crosby, Stills, Nash og Young og Matthews Southern Comfort. Sistnemnde fekk ein førsteplass på den britiske singellista med songen i oktober 1970, medan CSNY nådde 11. plassen i USA. David Crosby sa i eit intervju i dokumentaren Joni Mitchell: Woman of Heart and Mind at Mitchell hadde fanga kjensla og viktigheita med Woodstock-festivalen betre enn nokon som hadde vore der.[3]

Led Zeppelin nytta delar av teksten frå «Woodstock» i konsertutgåver av «Dazed and Confused» mellom 1973 og 1975.

  1. Kevin J.H. Dettmar (11. januar 2013). Is Rock Dead?. Routledge. s. 11. ISBN 978-1-136-77403-4. 
  2. William Ruhlmann, "Joni Mitchell: From Blue to Indigo," (1995) republished in Stacey Luftig, ed., The Joni Mitchell Companion: Four Decades of Commentary New York: Schirmer Books, s. 37-38
  3. Joni Mitchell: Woman of Heart and Mind

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search